Eg er ein vernepleiar (norsk utdanning, helse- og sosialfagleg) med master i psykisk helse- og rusarbeid. I 10 år har eg arbeidd i psykisk helsearbeid, spesifikt innan psykosefeltet. Dei fyrste åra arbeidde eg på ei lukka døgnavdeling, noko eg haldt fram med medan eg tok masteren. Noko av det eg tenkte mykje på då eg arbeidde der var korleis vi møter pasientar som er stengd inne på ei avdeling, med liv som i stor grad er styrt av oss. Ein av mine gode kollegaer pleidde ta fram ei diktbok medan ho sat vakt i gangen, så las ho høgt frå denne. Heilt spontant og uformelt skapa ho ei lita stund der vi alle var like. Vi lytta til ein tekst med same føresetnadane, uansett om vi var pasient eller pleiar. Dette var noko av det som inspirerte meg til å fokusere på skjønnlitteratur i psykisk helsearbeid i heile mitt masterløp. Fyrst kom eg over Shared Reading, seinare leia dette meg inn på biblioterapi. Eg har alltid vore svært oppteken av litteratur, så det var fascinerande å finne ei kopling mellom mi store interesse og mitt yrkesval.
Biblioterapeutisk arbeidsmåte
Etter å ha lese og skrive om biblioterapi i mange år følte eg at eg kunne det teoretiske svært godt. Eg kunne fortald dei fleste om historia til biblioterapi, om Ihanus, Hynes & Hynes-Berry eller Mazza. Eg kunne forklart om dei ulike modellane og korleis ein skulle gått fram, men når eg stod med gjennomført master i handa kunne eg ikkje det praktiske. Dette var i 2022 og miljøet i Noreg var ikkje særleg stort, i alle fall ikkje det eg hadde klart å oppdrive. Eg hadde fått litt kontakt med nøkkelpersonar som Thor Magnus Tangerås og andre i Oslo som dreiv lesegrupper etter Shared Reading metoden, som var rause med å dele kunnskap, men eg ynskte å lære meir. Heldigvis hadde Marie Cederschiöld högskola det året opna opp for at kven som helst kunne søkje på «Det biblioterapeutiska arbetssättet», noko eg gjorde. Eg kom inn og reiste hausten/vinteren 2022 på 4 samlingar i Stockholm. Under stødig styring av Pia Bergstrøm var vi eit kull som fekk møte mange likesinna og saman lære meir. I møtet med andre studentar fekk eg ei større forståing av korleis ein kan bruke biblioterapi i praksis og eg lærte mykje i samtalar med mine medstudentar; om kva litteratur har betydd for andre og meg sjølv, særleg når vi gjekk gjennom den biblioterapeutiske livslinja. Det viste meg korleis det var å dele sine minner og opplevingar kring lesing, noko som gjorde meg meir bevisst på samtalar om dette. Etter samlingane følte eg at eg hadde fått mykje meir kunnskap om korleis eg kunne integrere biblioterapeutiske arbeidsmåtar i mi utøving av psykisk helsearbeid.
Litteratur på psykoseavdeling
Samstundes som eg leverte master og byrja på MCHS hadde eg fått fast jobb på ei ny psykoseavdeling. På avdelinga er det opne dører og mange blir berre nokre veker, andre blir i månadar. I 2022 prøvde eg for fyrste gong eit biblioterapeutisk tiltak ved at vi hadde lesestund i desember, der eg las eit romanutdrag frå Dag Solstad si bok «Professor Andersens natt». Eg las eit utdrag der karakteren feirar jul åleine, men på trass av det gjennomfører tradisjonar som å lage god mat og pynte seg. Dette har eg gjort 3 år på rad no og sit att med ei kjensle av at dette gjev pasientane noko anna. Her gjev vi dei ei moglegheit til å sitte jamsides personalet og vere jamstilte for ei stund, for ingen veit kva som ventar dei. Ingen er førebudde, men får ei utskrift av teksten når vi skal byrje lesestunda. Heile stunda varer berre kring 4 minutt, for vi har mange pasientar som ikkje har konsentrasjon til meir. Etter lesestunda har vi hatt samtalar om jul og betydninga av det. Særleg har det gjort inntrykk at pasientar har reflektert kring det å vere einsame i jula, noko mange av dei dessverre er. Dei andre pasientane har lytta aktivt utan å avbryte, kanskje fordi dei forstår korleis vedkommande har det. Dei fleste av oss som arbeider der er privilegerte og har familiar vi feirar med, så vi kan prate om einsemd – men vi forstår det ikkje.
Utanom desse få lesestundene driv vi mykje med kognitiv biblioterapi, ved at våre pasientar får tekstar med psykoedukasjon dei skal lese på sjølv og så samtalar kring dette. Dei fleste av oss driv òg nesten dagleg med spontan høgtlesing av saker frå lokalavisa, som vi tenkjer pasientane vil tykkje er interessante å prate om. Mange pasientar har ei interesse for å lese skjønnlitteratur, noko eg har eit særskilt fokus på. Eg diskuterer ofte skjønnlitteratur med pasientar utifrå kva dei sjølv les, samt at nokre pasientar spør meg om boktips eller låner bøker av meg. Ein del av dei har svekka kognitiv funksjon som gjer at dei ikkje les så mykje lenger, men i samtalar kan dei dele mykje av det dei har lese før og prate om denne interessa. Eg les bevisst alltid på ei bok når eg sit i fellestova, med mindre vi gjer noko ilag. Då kan pasientar spørje meg om kva eg les og slik kjem vi ofte inn på noko om dei sjølv, ting eg aldri hadde funne ein inngang til utan støtta av boka. Eg har hatt samtalar med pasientar om legning, oppvekst, utdanning, interesser – berre fordi ei bok gav denne moglegheita. Dette er noko eg ikkje tenkte så nøye på før eg lærte om biblioterapi og noko eg aldri hadde reflektert over på same måten utan denne kunnskapen. Men med ei bok i handa har eg endå eit reiskap å møte det som ligg skjult bak diagnose og år med psykiske vanskar.

Elisabeth Bjordal Giil er ein vernepleiar (norsk utdanning, helse- og sosialfagleg) med master i psykisk helse- og rusarbeid.
